Jump to content

W203 elektronikkfeil


Recommended Posts

Posted (edited)

Hei,

Har kjøpt ein 2000 mod w203 med m111 i som er eit juletre i instrumentpanelet. 

 

Begynner med at selger opplevde strømtom bil og satt den på lading. Sentrallåsen virka plutselig ikkje og han satt nøkkelen i døra og vridde om for å åpne, då gjekk alarmen. Når han forsøker å sette nøkkelen i tenningslåsen er det ikkje mulig å vri nøkkelen overhode. 

 

Slik har bilen vore fram til eg henta den. Eg satt strøm på bilen, satt nøkkelen i og vridde om, vipps starter bilen, flott!

 

Problemet er at eine feilemeldinga som kjem i panelet er rødt og sier "Emergency All System Defect visit workshop SOS"

Neste melding "TAXI electronics defect visit workshop"

Og periodevis kjem "Instrument cluster faulty" 

 

Bilen er ikkje og har aldri vore taxi. Den har kun gått 243000km, er sedan og har ingen utstyrskoder som tilseier taxi.

 

Utenom desse feilemeldingane er problemet at bilen ca kvart 30 sek lager ein pipelyd fra dashbordet (ikkje alarmsirene/horn) og det klikker i eit rele bak og bilen forsøker låse/låse opp på sentellåsen. Dette skjer heile tida når bilen er av.

 

Når eg forsøker å betjene sentrallåsen via nøkkelen KAN det skje at bilen reagerer 1 gang om eg låser, etter det reagerer den ikkje om eg låser eller låser opp. Bagasjeromsluka åpner seg om eg holder inne den knappen på nøkkelen. Knappen i dash for å låse/låse opp bilen virker heller ikkje.

 

Eg har lest av feilkoder med star, uten å finne nokon interessante koder eigentlig, berre vas om at bilen har hatt for lite strøm. 

I tillegg til at instrument cluster ikkje får CAN signal fra special vehicle multifunction control unit. 

 

Er det nokon som har tips, råd eller vink?

Eg har star diagnose, men eg er som amatør å regne på å bruke det.

 

Kan legge til at bilen starter og virker heilt fint å kjøre med no, registrerer begge nøkler i låsen osv.

Edited by HåvardR
Link to post
Share on other sites

Det er garantert ein styreenhet som er defekt eller fylt med vatn. Då sender den alle slags meldingar ut på CAN-busen, og du kan oppleve at bilen lever sitt eige liv.

 

For å finne syndaren må du nesten berre begynne i ein ende og koble ut system for system, til det sluttar....

 

Xentry/DAS kan du kanskje bruke, på den måten at du testar komponent for funksjonsfeil, men det enklaste er nok å ta det rett på ECU eller med sikringane.

Det kan og vere sikringsboksane, som gjer det litt meir kompleks, viss ikkje det er synlege skader.

Link to post
Share on other sites
5 hours ago, Simen Arntsen said:

Det er garantert ein styreenhet som er defekt eller fylt med vatn. Då sender den alle slags meldingar ut på CAN-busen, og du kan oppleve at bilen lever sitt eige liv.

 

For å finne syndaren må du nesten berre begynne i ein ende og koble ut system for system, til det sluttar....

 

Xentry/DAS kan du kanskje bruke, på den måten at du testar komponent for funksjonsfeil, men det enklaste er nok å ta det rett på ECU eller med sikringane.

Det kan og vere sikringsboksane, som gjer det litt meir kompleks, viss ikkje det er synlege skader.

Takk for svar!

Eg og tenker litt i den retninga.

Og mine første tanker er enten tenningslåsen (EZS) eller instrumentpanelet.

EZS pga det er ein kjent sak at dei ryker og pga forrige eiger opplevde at den ikkje registrerte nøkkelen siden han ikkje fekk vridd om nøkkel(låg og feilkode på autorisasjonsfeil mot nøkkel lagra, men den har ikkje komt igjen).

 

Instrumentpanelet pga feilemeldinga som kjem i display av og til "instrument cluster faulty" (men det virker funksjonsmessig som det skal)

 

Korleis kan eg teste desse? Er det nok at eg kobler ut Instrumentpanelet/tar sikringa(om den har det?) og sjå om bilen blir "normal" igjen?

 

Korleis tester et evt EZS? Den kan eg vel ikkje berre dra ut kontakten på?

 

Link to post
Share on other sites

Problemet er at det kan vere komponentar som ikkje har direkte relasjon med dei som ser ut som det kan vere feil med. Fordi dei er på same buss, og forstyrrelsar på bussen vil påvirke alt.

 

Viss du koblar frå komponent som er defekt, bør du merke det, ja. Du må kanskje og koble fra bussen, ikkje berre spenninga, men det vil vere avhengig av kva som gjer at det blir rusk i kommunikasjonen.

 

Ser ikkje problem i å koble fra tenningslåsen, men du får jo sjølvsagt ikkje på tenninga 😅

Link to post
Share on other sites

Svært interessant funn idag etter å ha fikla vidare i STAR.

 

Eg gjekk inn på EZS og initial setup og fekk sjå(og kunne endre) på lagra koding.

Her fant eg ut at bilen trudde den var i USA, at den hadde utstyrskode 450 TAXI(noko den ikkje har). Keyless go, TELE AID, Automatgir osv var haka av som PRESENT. 

Når eg endra og korrigerte alt korrekt og lagra det heile begynte ting å virke. 

No har eg ingen feilmeldinger i displayet, alt fungerer og er ok der.

 

Einaste feil eg har endå er sentrallåsen som kødder.

Når eg trykker på lås/lås opp på nøklene hører eg eit klikk(som eit rele), men det skjer ingenting. Så lenge bilen er avskrudd (uavhengig av om nøkkel er i tenning eller ikkje) kvart 30. sek hører eg det klikket igjen og eg hører dørlåsene i dører og bagasjerom, men det er lyden man får når bilen er opplåst(eller låst) og man prøver å låse opp igjen(eller låse...). 

 

Napper eg ut sikring 57 blir det stilt, den går til sentallås, esp og "start enable"(ezs??) (er dog 3 andre sikringer og til sentrallås, men da klikker det fortsatt) 

 

Å trykke på lås/lås opp i dash virker heller ikkje. Her har eg og fått feilkode i star om at UCP er defekt. MEN når eg manuelt tester UCP så registerer star at eg trykker på knappene. Men det kan jo sjølvsagt være defekt alikavel? Og kanskje være synderen til sentrallåsfeilen?

 

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...