Jump to content

Simen Arntsen

Betalende medlem
  • Posts

    624
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    17

Everything posted by Simen Arntsen

  1. Et skikkelig verksted skal jo vite at ein feilkode ikkje nødvendigvis gir svaret på problemet. Kva feilkodar er der på bilen, og kva anna feilsøking er utført?
  2. Viss bilen hevar seg til rett nivå går kompressoren som den skal. Du vil merke det på nivået veldig raskt om den ikkje startar, og du vil etter kvert få feilmelding i instrumentet. Når du løftar bilen kan du oppleve at den tømmer aktuell luftbelg, da høyrer du "luftlekkasje". Når du så startar bilen vil kompressoren normalt starte innan kort tid for å fylle opp att belg og akkumulatortank.
  3. Dette er typisk symptom på dårlige pakningar i dieselslangane på motoren. Det er fleire blanke plastslangar med svart rør utanpå. Sjå om du ser luftbobler der når det går diesel. Du får normalt ikkje diesellekkasje, men det suger luft slik at det ikkje let seg gjer å få rett trykk på dieselen.
  4. Eg er ingen biltekniker, men har MB Xentry diagnose, og pleier å klare å grave meg fram til problemet. Så skulle gjerne ha sett på det, uten garanti, men eg trur eg bur litt langt vekke... Ytterst ved Sognefjorden..
  5. Da blei det for avansert til at eg kan bidra over Internett 😖
  6. Eeh, såg no at du skreiv elektrisk.. usikker på korleis den fungerer, men der er vel og olje på eit vis?
  7. Sjekk oljenivå først og fremst, viss du har vanleg hydraulisk servo. Og så skiftar du olje uansett. Det er ingen skifteinterval på servoolje, men ingen olje er god som ny etter 10 år og 200 000 km..
  8. Einaste feilkoden her som kanskje kan ha relevans er P179D00. Kva det betyr veit eg ikkje, men det er i samband med gearkassen. Det kan og vere problem som ikkje kjem fram som feilkode. Kva feilsøking er utført? Mtp delebytting kan det sjå ut som delekanon, det fører vanlegvis ikkje med seg så mykje nyttig. Funksjon og feilkodar må feilsøkast med eigna diagnoseutstyr, av nokon som kan bruke det, ellers kan det vere håplaust.
  9. Simen Arntsen

    Cls

    I første omgang er det vel enklast med diagnose for å sjå kva komponent som har blitt påverka og laga krøll.
  10. Fungerer det på "alt"? Dvs og frittståande fjærer på f.eks S210? Må sjå litt på diameter på Vitoen, men var helst et slikt sett eg ville ha. Litt dyrt, men ser ut som det skal gå an å få tilsvarande for 2000-2500 med frakt og mva frå Amazon
  11. Denne typen her ser litt meir solid ut enn dei billigaste greiene, og fortsatt ein del billegare enn dei dyre. https://www.amazon.com/dp/B088GPXCH5?pd_rd_i=B088GPXCH5&pd_rd_w=iKyTq&pf_rd_p=7672bfb7-93b0-4322-b745-2104db09c4df&pd_rd_wg=f9t2T&pf_rd_r=TSBWJF16NCSXFR0F0072&pd_rd_r=7dd57673-c724-499f-96e4-a08e36efdd00
  12. Eg skulle gjerne hatt meg eit sett med fjærklemmer til hobbyverkstaden min. I dag har eg 3 bilar med stålfjæring, ein S210, Vito og ein Ford. Så har da ei god blanding av individuelt oppsett, coilover, store og små. Skulle gjerne hatt eitt sett som passar til alt, og som sjølvsagt er trygt å bruke. Ser det er i hovudsak 2 forskjellige typar å få tak i Denne typen, som kostar ein del: https://www.biltema.no/bil---mc/bilverktoy/forstillingsverktoy/fjarspenner/fjarspenner-2000022289 Og denne typen, som er så billig at eg blir litt usikker: https://www.biltema.no/bil---mc/bilverktoy/forstillingsverktoy/fjarspenner/fjarspenner-2-stk-2000017004 Seier ikkje at det nødvendigvis skal kjøpast på Biltema, men det var enkelt å linke til.. Dette er nok ikkje utstyr som skal brukast kvart år her hos meg, så om eg må bruke litt meir tid på komprimering (med den enkle typen), så er ikkje det et problem. Det viktigaste er at det er trygt å bruke, og kan brukast på alt. Håpar det er nokon her som har erfaring med slikt, og har ei meining
  13. Det kan tyde på litt dårlig kontakt ein plass, slik at aktuell pære trekk mindre strøm/effekt enn den skal. Da lyser det, men bilen oppfattar det som defekt pære. For å få vekk meldinga må du fikse problemet, så går den vekk av seg sjølv. For å feilsøke er det enklast med tangamperemeter for DC, men et vanlig måleinstrument med amperemeter (10A) og voltmeter kan og brukast. Eventuelt om du ser tydelige punkt med dårlig kontakt kan du prøve å utbedre det først.
  14. Viss oljeskift er gjort korrekt, og du ikkje har symptom på feil oljemengde, er det nok greit å ikkje tenke så mykje på det 😅 Ellers er metoden for å verifisere nivå å starte bilen, pumpe inn halv liter olje på kald gearkasse, varme opp og tappe ut på 45 grader
  15. Det kan eg ikkje tru. Men har du grunn til å tru at nivået er for lavt? Det er et lukka system, så oljen reiser ingen plass, viss ikkje du har lekkasje..
  16. Reknar med du no spør om gearkassen.. På 722.9 er det ingen enkel måte for deg å peile og korrigere. Ved fylling skal oljen varmast til 45 grader før tappepluggen i bunnpanna opnast (med motoren i gang). Når det sluttar å renne er nivået rett. Fylling er og gjennom tappeplugg.. Olje skal oppfylle MB236.15 på din bil med 722.9 og kode A89.
  17. Mann leverer originalt til MB personbil. Til varebil er det knecht-mahle. Brukar du mann eller knecht er du innafor i alle fall. Kupefilter kjøper eg det som er rimelegast av dei tilgjengelege premiummerka
  18. MB 229.51 eller .52 https://bevo.mercedes-benz.com/bevoonlinebak/229.52_en.html Mobil1 ESP 5W-30 er anbefalt type
  19. Nøkkel går tilbake til pos 2 når du slepp den uansett. Den blir ikkje hengande i pos 3 til bilen startar. Kor mykje utanom sjølve motoren har du bytta? Har du sjekka om du får styrestraum til starteren? Her er det 1000 ting som kan vere gale, og for å feilsøke må du i første omgang ha måleinstrument og verifisere at du har spenning alle stader du skal ha. Deretter er det betydeleg enklare å feilsøke med skikkelig diagnoseutstyr.
  20. Hørte du på verkstedet og sjekka batteriet? Dårlig batteri kan gi mange rare problem, så greitt å utelukke det først. Begynn med å lad det opp 100% med ekn elektronisk batterilader
  21. I følge delekatalogen kan du kjøpe varmeelement separat for 246. Det krev demontering av heile sitteputa, og muligens noko stifting, men ser ikkje ut som det er sydd. Eg kan finne nøyaktig delenummer du må ha, men da må eg ha rammenummer på bilen, då det er mange utstyrsvariantar.
  22. Kjøp ny bil Lampene er ein ting, og sikkert fysisk kngen problem, alt rundt mtp korrekt styring er ei an sak..
  23. Ja, forutsett at innpress er innafor. Felg frå så godt som alle MB personbil kan brukast om kvarandre. ML/GL/GLE/GLS brukar ganske mange forskjellige konfigurasjonar, med innnpress helt opp i mot ET60. Har du f.eks ET56 kan du ikkje utan vidare lovlig bruke ET24. Viss det er stort avvik i bredde og innpress bør du og sjekke at ikkje dekka tek borti ved fult rattutslag.
  24. Bil som står over vinteren med batteri tilkobla, uten vedlikeholdslading, vil vere tom for strøm når den skal takast i brukt. Nesten uten unntak. Bremselysbryter er ei årsak av mange potensielle, det kan og f.eks vere kommunikasjonsfeil mot gearskifter eller SAM, komponentfeil i gearskifter, eller andre ting som inngår i frigiving av parklås. For å finne ut av dette sikkert må du feilsøke med eigna diagnosemaskin.
  25. Går du inn i ASSYST-menyen (søk google etter "service menu w204") får du servicekode, som merkeverksted brukar for å få opp nøyaktig servicebehov. Du får og opp ei liste med fleire linjer med "Service .." Talet bak betyr ein spesifikk komponent som skal skiftast/sjekkast, f.eks bremsevæske, dieselfilter, osv. Kva tala betyr står kanskje i instruksjonsboka, eller du finn det sannsynlegvis vha google. Men når du har tilbakestilt serviceindikator uten å faktisk skifte det bilen ber om, er det jo ikkje til å stole på. Da vil det kanskje vere fornuftig å skifte begge deler etter 50-60 tusen eller 4 år.
×
×
  • Create New...