Jump to content

Simen Arntsen

Betalende medlem
  • Content Count

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    3

Simen Arntsen last won the day on April 24

Simen Arntsen had the most liked content!

Community Reputation

18 Good

1 Follower

About Simen Arntsen

  • Birthday 05/12/1988

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Pluggen, eller pluggane? Det skal vere 2 eller 3, viss ikkje eg hugsar feil. Det står ein kontrollboks i kvar dør, desse får signal via canbus. Viss ingen av dei fungerer ville eg tru det er brudd i bussen frå bryterpanelet, evt defekt panel. Viss du har tilgang til diagnoseutstyr kan du lese ut faktiske verdiar, og på den måten sjå om brytarane gir signalet dei skal. Viss autofunksjon på vindua ikkje er stilt inn vil ikkje vibdua fungere når du trykker knappane heilt ned, det er 2 stiller på dei, du kjenner at dei stoppar litt halvvegs. Går rutene i stille 1?
  2. Du må ha dokumentasjon på at karosseriet tåler det. I tillegg må du oppgradere bremser og hjuloppheng, viss det er kraftigare med større motor, og montere eventuelle forsterkningar i karosseriet. Du må starte med å snakke med trafikkstasjonen der du vil vise bilen og søke om godkjenning. Viss karosseriet i din bil er det same som i bil med større motor, skal det vere gjennomførbart uten for mykje styr, men det er opp til den som skal godkjenne det...
  3. Får du forresten opp om det er for høgt trykk eller for lavt trykk?
  4. Det kan vere feil med railtrykksensor eller railtrykksventil, men det må feilsøkast i tilfelle. OM611 har i allefall eit kjent problem med koblingane på dieselslangane, dei lek ikkje diesel, men trekk inn luft. Visd du ser nøye på dei blanke slangane frå dieselfilteret og inn på høgtrykkssystemet kan du ofte sjå at det er bobler i dieselen. Ei enkel luftboble kan føre til trykktap og motoren stoppar. Ujevn tomgang kan og vere tegn på sliten railtrykksventil.
  5. Feil trykk på rail/dyser muligens. Det kan vere høgtrykkspumpe, railtrykksventil, railtrykkssensor. Den kan og vere luft på lavtrykkssida. Er motoren tung å starte etter den stoppar, eller startar den som normalt? Veit ikkje kva årsmodell og motor dette er, om det er OM611 eller OM646..?
  6. Går starteren når du prøver å starte, eller er det ingen respons? Har du startproblem ellers? Stoppar bilen ved hardt gasspådrag? Det kan vere så enkelt som luft i dieselsystemet, tett tanklokk eller dieselfilter som må skiftast, viss starteren går men ingen tenning. Prøv å skru opp tanklokket neste gang dette skjer. Du får normalt sett ingen feilkodar i instrumentet, det må lesast av med diagnosemaskin.
  7. På mange andre modellar står den i døra. Vil anta det gjeld for w220 og..
  8. Har du sjekka ledningsnett til nemnte sensor?
  9. Lenkarm er eit tynt stag som står på enden av stabilisatorstaget. Ser sannsynlegvis ca slik ut: https://www.eurodel.no/stabilisator-stag-febi-bilstein-19841
  10. På min 210 er det foringa nederst på demperen som er utslitt. Denne er vistnok ikkje direkte utskiftbar. Den lagar berre lyd når eg kjører i holer, ikkje ved kompresjon. Om det er både på opp og ned er jo lenkarm ein kjent syndar..
  11. Kan legge til at du treng 12-15 liter olje for å utføre oljeskift med flush (anbefalt)...
  12. Filter og div bestiller eg frå eurodel.no. Fleire produsentar har delepakkar. Her er eksempel på det du skal ha https://www.eurodel.no/hydraulisk-filtersett-automatgir-meyle-014-027-2102-s Olje skal vere MB 236.14. Pleier å bruke Fuchs Titan ATF 4134. Søk i google for lavaste pris. Du må og ha peilepinne. Søk etter dipstick 722.6. Ein diagnose før skift kan vere greitt, det kan avdekke om du har feil på styreenhet eller magnetventil (solenoid) i gearkasse. No veit ikkje eg kor mykje erfaring du har med å skru på bil, og skifte olje på automatgearkasse, men ikkje begynn på dette aleine, uten å vite akkurat kva du skal gjere, viss du er heilt uerfaren. Automatgear er sensitivt presisjonsmekanikk, og oljen er veldig giftig. Det er ein enkel sak å utføre, viss du har litt erfaring og set deg inn i framgangsmåte. Om du treng meir hjelp, må du berre gi beskjed.
  13. Sjekk og elkontakten på gearkassen. Den skal skiftast ved kvar service på gearkassen, men det blir synda mykje med av hobbymekanikarar og uavhengige verksted. Viss denne ikkje blir bytta, kan det komme olje i styreenheten, og då kan det skje mykje rart med gearkassen. Gearkassen skal ha service med intervall 40-60 000 km. Olje, filter, pakning og elkontakt skal skiftast. Dette gjeld 5-trinns på alle modellar og alle årgangar. 7-trinnskassen har ikkje denne typen elkontakt.
  14. Begynn med å lese ut feilkodar. Høyres ut som nødmodus, då får du begrensa effekt og dreiemoment.
×
×
  • Create New...